Til minne om Gunnar Torvund

Gunnar Torvund til minne.

( 1938 -2019)

Ein stor kunstnar, inspirerande kollega, god og trufast ven har gått bort.  Gunnar Torvund kom frå Jæren til Kviteseid tidleg på 70-talet og budde der frå den tid, først i Brunkeberg sidan ved Spjotsodd.

Som kunstnar vart han banebrytande og landskjend for sitt sterke og poetiske formspråk. Han debuterte på Haustutstillinga i 1971 med «På flyplassen – eg vil heim», og markerte seg sterkt med denne skulpturen.

Gjennom sitt mangeårige engasjement i Seljord kunstforening har han og bidratt i nærmiljøet til å lyfte andre kunstnarskap fram, og til å sette Vest-Telemark på kartet i samtidskunstfeltet.

Diktet Bryllaupssong til Jade og Rav, skrive av Helge Torvund, samanfattar Gunnars kunstnarlege virke på ein heilskapleg og vakker måte.

Det blei publisert i Seljord kunstforening sitt jubileumsskrift i høve 50-års jubileet i 2018.

Bryllaupssong til Jade og Rav

Kvar er han på veg i sine mange fartøy? På sine sledar?
I sine skip? Fartøy som ber eit ansikt eller ein lysande
måne. Fartøy som sjølv er forma som kvinnekroppar eller
som båtar med gjennomsynlege skrog der språket vårt
kan skimtast som halvt løynd last.
Han kjem frå arkaiske hamner, frå storslåtte festar der
Venleik har gifta seg med Nytte og der brud og brudgom 
heitte Jade og Rav. Overdådig ornamentale bryllaup i
blått og marmor, giftarmål mellom søyler av tre og granitt
med ei brud som brått skrattar.
På vegen mot det ukjente landet Framtid, vitja han
moderne metropolar der pleksiglas og påfuglfjører var 
løyndomsfulle kjærastar i smekre skrin. Seglande fuglar 
over stille morgonvåg var smil og mjuke kinn.
Han har vitja skjulte kongar og namngjevne diktarar
som Olav, Jens og Jan Erik. Han er på ei reise gjennom 
morgonvegg og kveldsblå ro, med musikarar om bord.
Klangar finst av flygel, fiolin, saksofon og kviskrekor i
fløyel blå natt. Av og til tok båten sjølv form av eit velkjent
og nyskapt instrument.
Heller ikkje for han er alt harmoniske klangar; angstfigurar
og torturerte minne er han innom, og her er smertefulle
fødslar og kister fulle av tankar.
Monumentale mørke fjell av natt, der Det tredje Dyret
søv, har han drege forbi i si reise av tid. Han har sett deg
dansa inne på land. Som ei lilje. Han har sett skuggeskrin,
tankehus og pannemerke.
Og heile tida har han vore omgjeven av venger. Og heile 
tida har han alltid visst kvar han skulle. Heilt frå første
stund. I alle hamner, på fleirfaldige flyplassar var dette  
alltid klart;
han skal heim.

Gunnar Torvund vart stedt til kvile på kyrkjegarden ved Kviteseid gamle kyrkje

24.oktober    


Kvil i fred kjære Gunnar!
Vener, kollegaer og styret i Seljord kunstforening


Les diktet Tåresteinen
av Helge Torvund

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s