Ledig stilling: Koordinator

Koordinator Seljord kunstforening, deltidsstilling

Vi søkjer etter koordinator med sans for kunst og kultur.

Seljord kunstforening er ei godt etablert kunstforening. Kvart år arrangerer vi Sommerutstillinga i Kunstlåven i Seljord sentrum. Utstillinga går normalt over 4 veker. Målet er å syne eit bredt utval av samtidskunst og sjangeroverskridande kunst- og kulturuttrykk.  Så langt råd er, samarbeider vi med lokale lag og foreiningar.

Stillinga er i all hovudsak knytt til Sommarutstillinga.  Arbeidet tek til året i førevegen og blir ein god del meir intensivt  utover seinvinteren. Som koordinator må du rekne med til dels kaotiske tilstandar i forkant av utstillinga og i tida rett etterpå. Deretter fylgjer normale dagar med ei og anna «slukking av småbrannar».

Kunstforeninga blir drive av eit styre meir eller mindre på frivillig basis. I stillinga vil du jobbe tett med styreformann, som i praksis fungerer som dagleg leiar.

Viktige eigenskapar:  Engasjement for saka, nettverksbygging, ryddig og god på sosiale medium (WordPress/hjemmesida), FB).

Deltidsstilling, frå 1. januar 2021

Arbeidsoppgåver

  • Sekretærfunksjon for styret og for kunstnarisk råd
  • Organisere og koordinere aktivitetar knytt til utstillinga (vaktlister, omvising, opning og avslutning)
  • koordinere informasjonsflyt og marknadsføring (katalog, annonser, flyers, plakat,  heimesida og Facebook)
  • Fungere som dagleg leiar under Sommarutstillinga

Arbeidsstad: Kunstlåven/heimekontor

Løn:  30 000 kr + timebetaling under Sommarutstillinga og eventuelt andre arrangement

Send søknad innan 24. november til Dagfeldborg@gmail.com (mobil 93637965)

One thought on “Ledig stilling: Koordinator

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s