Separatutstilling Ole Lislerud

Separatutstilling
«Teikn»
Ole Lislerud
Opnar 10. august
KUNSTLÅVEN

10. august til 01.september

Ole Lislerud er ein kunstnar som ruver i det norske landskapet. Laurdag 10. august opnar utstillinga hans TEIKN i Kunstlåven til Seljord kunstforening.

Utstillinga er tufta på tre uanselige bokstavar, ÆØÅ! Ved hjelp av dei utforskar Lislerud det særeigne norske i møte med nye kulturar. Utførd med pensel eller golvmopp på kinesisk handlaga rispapir, veks vokalane fram i storleik og meiningstyngde.

Kunstlåvens mest særprega rom, siloen, inneheld kunstprosjektet Kulturell nyskaping, også det signert same kunstnar.

Til opninga kjem forfattar Stein Versto óg. Han følgjer opp Lisleruds tema og kåserer over språk, vokalar og andre TEIKN i tida. Sin vane tro, byr kunstforeininga på feitegraut og spekemat, med godt drikke til. 

Lislerud har i ei årrekkje eksperimentert med skrift på ulike material, frå papir til porselen, glass, metall og børsta aluminium. Gjennom arbeidsopphald i Kina dei siste 15 åra, har hans interesse for skrift og teikn utvikla seg spesielt mot kalligrafi eller China ink som det også omtalast som. I dag er dette blitt ein viktig del av hans kunstnarskap.

-Istedenfor å jobbe med Østens ”tegn” har jeg valgt ÆØÅ som mitt fundament. Disse tre bokstavene er unike for det norske språk og knytter seg til kjernen av norsk kultur, språkstrid og identitet.

seier Lislerud.

I utstillinga lurer fleire spørsmål under overflaten: Korleis kan skrift og symbol frå andre kulturar kombinerast for å skape kunnskap og forståing, spør Lislerud. Og vidare: På kva vis bør symbolane vere
meiningsberande i det fleirkulturelle Noreg?

Lislerud er norsk, men med ståstad i fleire kulturer. Han er født i Sør-Afrika under apartheid og vokst opp på tre kontinent. Frå tidleg alder sjonglerte mellom engelsk, afrikaans, isiZulu og norsk. 

Monumentale utsmykkinger med hans signatur er spreidd over heile landet. Rjukan: IZNIK – det tyrkiske badet, Oslo Tinghus: Lex Portalis, NTNU Trondheim: Chi Squared, NATO´s Joint Warfare Centre i Stavanger: PAX  – Peace and The Art of WAR – mellom anna!

Seljord kunstforening gleder seg over at Ole Lislerud er attende i Seljord. Det er fleire tiår sidan sist, på 1970-talet. Då var han nyutklekka keramikar og synte fram nattverdsutstyr i porselen i regi av Kirkelig kulturverkstad sin kunstutstilling det året.

Sommerutstillingen av gamalt format, ope heile juli og halve august er i år pakka ned til fleire mindre arrangement. Dei spenner frå separatutstilling, til intimkonsert, kulturhistorisk utstilling og kunstverkstad for born. Det signaliserer eit lite skifte i drifta. Det nye styret lovar likevel at Sommerutstillingen vil halde fram, men anna kvart år, som ein biennale. Åra i mellom vil styret å ta opp att ein tråd frå tidlegare og sjå på mangfaldet av kunst- og kulturytringer med nye undrande auge.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s