Nye tankar under utvikling

Eit nytt styre har teke over i Seljord kunstforening og spanande prosjekt er
undervegs.

Me vil halde fram med samtidskunst, men utvide verksemda til ein biennale,
for å femne om fleire uttrykk innan feltet kunst og kultur. I utviklinga av
programmet vil me skjele til den såkalla Kulturarvskonvensjonen til
UNESCO (konvensjonen av 2003 om vern av den immaterielle kulturarven).
Eit viktig mål er å nå fleire av innbyggjarane i regionen.

2910 blir eit slags kvileår for å utvikle ideane vidare. Den tradisjonelle
sommarutstillinga blir difor endra til ei separatutstilling med kunstverk av
Ole Lislerud. Han er biletkunstnar og kunsthandverkar – og professor
ved Kunsthøgskolen i Oslo. Lislerud har fleire store utsmykkingsarbeid bak seg,
mellom anna IZNIK – det Tyrkiske Bad i symjehallen på Rjukan og Lovens Portal
i Oslo Tinghus.

Utstillinga hans opnar i Kunstlåven 10.agust og har namnet TEIKN.

Frå neste år blir Sommarutstillinga gjort om til ein biennale, der ein vekslar
mellom samtidskunst det eine året, og eit friare tematisk innhald det andre.

Det nye styret er: Kaisa W. Breiland, Dag Feldborg (leiar), Ånond Versto,
Johannes Vemren Rygh, Håkon Fjågesund, Silje Villhodd og David Berger.