Utstilling: Kulturlandskap og tradisjonshåndverk

Seljord Kunstforening inviterar til ein spennande utstilling i Kunstlåven med arbeid frå Kulturlandskapssenteret og Håkon Telnes Fjågesund.

OPNINGSTIDER
Fredag 13. sep: 12:00 – 18:00
Laurdag 14. sep: 12:00 – 18:00
Sundag 15. sep: 12:00 – 15:00

Fredag 20. sep: 10:00 – 15:00
Laurdag 21. sep: 10:00 – 15:00
Sundag 22. sep: 12:00 – 15:00

Gratis inngang

KULTURLANDSKAPSSENTRET
Uti mark og eng! Ei lita utstilling om kulturlandskap.

Bilete og korte forteljingar om landskapet vårt før og no. Utstillinga passar for deg som er ung no, deg som var ung for lenge sidan og alle i mellom. Gjerne besteforeldre i fylgje med barnebarn!

Mykje har endra seg på få generasjonar, noko til det betre, noko til det verre. Kanskje gamal kunnskap kan koma til nytte att? Utstillinga er utarbeidd av Kulturlandskapssenteret med stønad frå Miljødirektoratet.

HÅKON TELNES FJÅGESUND
Kva kan ei dør fortelje?
– Ei utstilling basert på arbeidet med å rekonstruere arbeidsgang og verktøybruk bak 1700-tals dørene frå Kultan i Åmotsdal

Tematikken i denne utstillinga er å syne kva ei dør kan fortelje oss om korleis ho vart snikra, og korleis gjenstandar kan fungere som kjeldemateriale for handverksforsking. Utstillinga er eit resultat av arbeidet med avsluttande bacheloroppgåve i Tradisjonelt Bygghandverk, ved NTNU i Trondheim.

Utstillinga syner eit utval av verktøy som vart produsert for å rekonstruere arbeidsgangen og verktøybruken bak dørene frå Kultan. Eg har freista å hente fram att noko av kunnskapen kring verktøyet og framstillingsprosessane gjennom gransking av originalmateriale og praktiske arbeidsforsøk. Denne tilnærminga har avdekt mykje ny kunnskap og interessante nyansar ved den lokale snikkartradisjonen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s